10. juni 2014

FutureLearn skal formidla UiO-kurs til verda

Britiske FutureLearn blir plattforma som skal tilby gratis UiO-kurs til nettstudentar over heile verda. Dei amerikanske plattformene Coursera og EdX tapte i konkurransen fordi dei må fylgja USAs boikottlover. Det første globale og engelskspråklege nettkurset frå UiO, vil truleg bli klart i løpet av hausten.

– UiO blir dermed først ute i Noreg med å ha klar ei plattform for nettkurs som vil bli tilbydd heile verda på engelsk, fortel Linda Therese Johnsen.

Dei aller største tilbydarane av MOOC-plattformer er dei amerikanske selskapa Coursera og EdX. Coursera har 6,4 millionar brukarar og spring ut av Stanford University i California, medan EdX er ei plattform som er blitt danna i eit samarbeid mellom Massachussets Institute of Technology og Harvard University. Den har over to millionar brukarar.

Det som skil ei MOOC-plattform frå ei plattform som til dømes Fronter, er at det ikkje er eit fast opplegg for eigne studentar, og at MOOC-plattforma har ein del andre funksjonar. Absolutt alle i heile verda kan delta på eit MOOC-kurs. I praksis blir kursa ei blanding av forelesingar, videovisningar og innlevering av og fagfellevurdering på oppgåver. Det er likevel også mogleg å ha eigne kurs for eigne studentar, gjennom såkalla SPOC. Dette avspeglar eit MOOC-kurs, men er tilpassa universiteta sine eigne studentar.

Kilde: Uniforum

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar