4. mars 2015

UNINETT-rapport om arbeidsprosessar digital vurdering

Arbeidsgruppe digital arbeidsflyt i det nasjonale prosjektet for digital eksamen lanserte nyleg eit førsteutkast av rapporten “Arbeidsprosessar digital vurdering”.

Rapporten gir ei grundig framstilling av arbeidsflyt knytta til digitalisering av eksamen, og er basert på innspel og deltaking frå fleire lærestader.

Rapporten inneheld konkrete framstillingar av arbeidsprosessen med digital vurdering ved universitet og høgskolar. Arbeidsprosessen er delt inn i fire hovudfasar:
  1. Forberede
  2. Gjennomføre
  3. Sensurere
  4. Sluttføre
Hovudvekt er lagt på skriftlig skoleeksamen, sjølv om prosessen er lik også for andre eksamensformer.

Les heile rapporten her (PDF)

Kilde: Norgesuniversitetet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar